Dette vil me vera med på!

Me er fem personar som jobbar dugnad med å samla inn midlar til Voss Aktivitetspark. Fleire av oss har vore med sidan byrjinga i 2012, og alle me som jobbar med dette tykkjer det er kjekt og gjevande. Målet er i sikte, og gjett om me er motiverte for å få dette til!

Når me utfordrar bedrifter sender me som regel ein e-post først med informasjon, og så føl me opp med ein eller fleire telefonsamtaler. Dette arbeidet gjer me innimellom jobb og andre oppgåver, og me må innrømme at av og til vert me motlause og har ikkje lyst å ta den telefonsamtalen.

Men så skjer det at me føl opp ein e-post som vart sendt for litt lenge sidan og personen i den andre enden seier «Ja, dette vil med vera med på! Eg sender deg ein e-post»…….Første e-posten eg fekk dagen etter var denne gongen fra Nyrefeltet AS og eit bidrag på kr. 50.000. Hurra! Slike opplevingar og tilbakemeldingar gjer at ein står på litt vidare og så litt vidare…..

Takk til alle som heier på oss!

Saman for aktivitet!