Søknadsskriving

Me skriv ein del søknader til ulike fond og organisasjonar. Det tar litt tid, og ein håpar jo alltid på positivt svar. Dessverre er det slik at ikkje alle søknader gjev resultat, men ekstra gledeleg er det når svaret er positivt. I dag var det Samarbeidsrådet Aurland-Vik-Voss som valgte å støtta prosjektet vårt. Hipp Hurra! Det er viktig å jubla for alle bidrag, og no nærmar det seg 5 mill. Det er fantastisk! Me vil jo sjølvsagt prøva å få inn meir, og me har faktisk litt tru på julenissen……..Her er det berre å følge med 🙂